Gode grunnar til å handle lokalt
Gode grunnar til å handle lokalt
Den lokale butikken er ikkje berre ein stad å handle. Den er med på å gjere vekst og verdiskaping mogleg i heile landet. Den tek vare på folk og næringsliv og er ei drivkraft for gode lokalsamfunn.
Når vegen blir stengt eller skade, sjukdom eller alder gjer at du ikkje kjem deg så langt, er det trygt å ha butikken i nærleiken. Butikken fungerer også som bygda sitt beredskapslager og ein stad der folk kan få informasjon og hjelp. Å ha butikken nær, gjer lokalsamfunnet tryggare og mindre sårbart.
I nærbutikken har ein personleg kontakt med innbyggarane. Det gir tryggleik, spesielt for dei som treng litt ekstra hjelp, og kan bidra til at fleire kan bu heime lengre. Butikken samarbeider ofte med lokale lag og organisasjonar, kommunen og andre næringsdrivande for å støtte andre tilbod som gjer lokalsamfunnet godt å bu i.
Butikken er ofte den første staden nye innbyggarar og turistar får informasjon om bygda. Der får dei tips om lokale tenester, aktivitetar og attraksjonar. Med eit godt vertskap og tilgjengelege tenester blir bygda meir attraktiv for både fastbuande og besøkande, noko som aukar sjansen for at folk vil bli buande.
Den årlege Handle lokalt-kampanjen
I oktober kvart år er mange av butikkane som er med i Merkur-programmet med på Handle-lokalt kampanjen, som har eit høgdepunkt vi kallar Handle lokalt-dagen.