Slik lastar du ned Handle lokalt-materiell

Merkur-programmet  ›  For nærbutikk  ›  Handle lokalt  ›  Slik lastar du ned Handle lokalt-materiell

Du kan laste ned digitalt materiell til Handle lokalt-dagen. Her er ei kort rettleiing i korleis du gjer det.

Du finn lenka “Last ned materiell” fleire stader der Handle lokalt-kampanjen er omtalt. Når du klikkar på den, kjem du til Distriktssenteret sin mediebank, der du kan laste ned materiellet.

Bilete som viser skjermbilete frå nedlasting i Mediebanken til DistriktssenteretHer ligg det 16 filer som du kan laste ned.  Dette er diplomar, plakatar, flyers og kampanjebilete du kan bruke på nettside og i sosiale media eller skrive ut. Marker boksen (nedst til høgre for kvart bilete) for dei filene som du vil laste ned. Deretter trykker du “last ned”, nedst til høgre på sida. Merk at du kan laste ned materiell på bokmål eller nynorsk.

Det vil då kome opp ein boks som du må fylle ut. Her skal du leggje inn informasjon om kva for butikk materiellet gjeld for og kva føremålet er.

  • Ansvarleg: namn på butikkenBilete som viser skjermbilete frå nedlasting i Mediebanken til Distriktssenteret
  • Prosjekt: Handle lokalt 2023
  • Dato for publisering: dato du skal nytte materiellet, t.d 14.10.23
  • Utgåve: her kan du skrive 2023, det året du lastar ned materiellet
  • Øvrig informasjon: her kan du leggje inn informasjon/ tilbakemelding til Distriktssenteret
  • Bruk: marker dei boksane som er aktuelt for bruk. Viss du skal leggje ut materiell på nettside må du leggje inn adresse og namn til nettside. Du må og huke av for kva for sosiale media du skal leggje ut materiellet.

Når du er ferdig med å fylle ut boksen trykker du på “laste ned”. Filene som er merka vil då bli lasta ned på di datamaskin. Du finn dei att under nedlastingar på di datamaskin som pdf eller biletfil, og du kan skrive ut materiellet. Pressemateriell blir lasta ned som word-fil, som du må redigere og tilpasse din butikk før du sender den til lokalavisa.