Merkur arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Tipping er i dag eit av dei mest vanlege tilboda. Tippe-tenester blir oppfatta som ein naturleg del av servicetilbodet for ein moderne nærbutikk.
Små butikkar opplever at dersom kundane må reise til ein større butikk for å tippe, så handlar dei også daglegvarene sine utanfor bygda. Tilbod om tippe-tenester er viktig for å unngå handelslekkasje, samtidig som denne tenesta også gir kjøpmannen ei ekstra inntekt.
Merkur har forhandla fram ein spesialavtale med Norsk Tipping som gjer at også små butikkar kan tilby tipping. Kravet til tippe-omsetning ligg i dag på 5.000 kr pr. veke. Andre daglegvarebutikkar må ha langt større omsetning for å kunne bli tippe-kommisjonærar.
Ta kontakt med Merkur-konsulenten din før du sender søknad om å bli kommisjonær. Dersom konsulenten skriv ein positiv utttale om butikken, vil det vere lettare å få ja på søknaden til Norsk Tipping.
450 Merkur-butikkar tilbyr i dag tippe-tenester. Desse butikkane står for ei samla tippeomsetning på ca 150 mill. kroner (2022). Kvar butikk har ein gjennomsnittleg provisjon på ca 40.000 kr.