Kan nærbutikken få ei rolle som kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet? Kan kommunen spare pengar og folk få betre tenester ved å satse på kommunale tenester i tilknyting til lokalbutikken? Kan butikken få ei sterkare rolle som utviklingsaktør, som nav i eit lokalt nettverk?
Dette er nokre av dei problemstillingane som vart tatt opp gjennom Merkur-programmet sitt utviklingsprosjektet «Kommunen og nærbutikken». Prosjektet vart gjennomført i samarbeid med Distriktssenteret og KS. Merkur-konsulent Ronny Mowatt har vore prosjektleiar, med Merkur-konsulent Per Spillum som samarbeidspartnar.
Kommunane Flora, Askvoll, Fjaler, Stryn, Luster, Aurland og Lærdal vart plukka ut til å vere med på prosjektet, saman med 1-5 nærbutikkar frå kvar kommune.
Nye oppgåver
Målsettinga med prosjektet er å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar. Nærbutikken skulle utviklast som eit lokalt servicesenter, med eit variert tilbod av tenester for folk og næringsliv. Prosjektet hadde også fokus på butikken som møteplass, både for fastbuande, tilreisande og nye innbyggjarar med behov for integrering.
Vidare ønskte ein å stimulere til lokalt utviklingsarbeid der butikken får ei entreprenøriell rolle. Det vart tidleg sett i gang arbeid med å etablere forpliktande avtalar mellom butikk og kommune, der butikken skulle ta på seg nye oppgåver i lokalsamfunnet på oppdrag for kommunen.
Seks av kommunane oppretta serviceavtalar med lokale butikkar som eit direkte resultat av prosjektet.
LES: Kommunen kjøper service på nærbutikken
Fem nærbutikkar fekk avtale med Flora kommune om å ytre ekstra service og prøve ut kommunale tenester i butikken. Kommunen betalte 50.000 kr årleg for at lokalbutikken skal fungere som «kommunalt servicepunkt» for innbyggjarane. Askvoll, Fjaler, Aurland og Stryn skreiv også under på avtalar om kommunal service gjennom lokale butikkar.