Kommunale innkjøp er viktig for mange distriktsbutikkar. Kommunen står for opptil 5 og 10 prosent av omsetninga i fleire butikkar, gjennom kjøp av daglegvarer til skule, barnehage og SFO.
Nokre stader har skulen og barnehagen fått forbod mot å handle på nærbutikken, fordi kommunen har gjennomført ein anbodsprosess og fått leveringsavtale med ein stor grossist som skal levere daglegvarer til alle kommunale einingar – inkludert grendaskulen.
Kommunen viser gjerne til at dei må følgje Lov om offentlige anskaffelser og ikkje har anledning til å gjennomføre innkjøp i strid med lova. Men kommunen kan handle lokalt dersom dei ønskjer det. Kommunen kan leggje opp til anbodskonkurransar på ein slik måte at mindre og lokale bedrifter kan delta på like vilkår.
Sjå film om butikken som har fått avtale med kommunen:
3 gode tips
Dersom butikken din skal få levere varer til skule og barnehage, må kommunen ha ein innkjøpspolitikk som legg til rette for lokale innkjøp.
Mange mindre kommunar deltar i innkjøpssamarbeid saman med andre kommunar. Resultatet blir gjerne store innkjøp som i praksis favoriserer store leverandørar frå næraste by, som kan levere til stort geografisk område.
Men det er fullt mogleg å handle lokalt sjølv om kommunen deltar i eit innkjøpssamarbeid. Fleire kommunar har lagt om innkjøpspolitikken og lagt til rette for at nærbutikkar og lokale leverandørar får moglegheit til å leverer varer og tenester til eiga kommune.
Her er 3 tips til kva du kan gjere som kjøpmann:
1. Fortel om butikkens rolle i bygda
Skal du få kommunen til å forstå kor viktig kommunale innkjøp er for din butikk og kva rolle nærbutikken spelar i bygda, så må nokon informere om det. Dersom ordførar og rådmann bur i kommunesenteret og handlar på Rema, Kiwi eller Extra, så er det ikkje sikkert at dei forstår kva du som kjøpmann gjer for bygda der du bur.
Matbutikk er matbutikk. Det er ein plass du kjøper daglegvarer. Slik tenkjer mange byfolk. Dei veit ingenting om at butikken er bygdas viktigaste møtestad. Eller at butikken er postkontor, pakkeutlevering, bank, apotek, bensinstasjon, turistinformasjon og alt det andre som du driv med. Og at butikken langt på veg er ei føresetnad for at det bur folk på øya eller i bygda.
2. Inviter ordføraren på besøk
Har du noko som skal markerast? Har du fått laga ein større kaffikrok – eller utvida butikklokalet? Inviter ordføraren til å stå for opninga. Kanskje du skal sende ein invitasjon til Handle lokalt-dagen? God kontakt med ordføraren er eit godt utgangspunkt dersom du skal få til ein avtale med kommunen.
3. Avtal ein møte på kommunehuset
Be Merkur-konsulenten i din region om å organisere eit møte på kommunehuset, der de både kan informere om butikkens mange tenester og kor viktig det er for butikkens økonomi å ha kommunen som kunde. Ta opp spørsmål om anbod og innkjøpsavtalar og be om å bli halde orientert når kommunen skal legge kjøp av daglegvarer ut på anbod.
Ordføraren er den du bør ha kontakt med på kommunehuset. Dei fleste ordførarar er opptatt av korleis det lokale næringslivet utviklar seg. Butikken er ein viktig del av næringslivet i ditt lokalsamfunn. Mange kommunar har også ein næringssjef, som det kan vere nyttig å ha kontakt med.
Merkur-konsulenten kan søkje om støtte frå Merkurs omstillings-ordning slik at han kan hjelpe deg til å få kommunen som kunde.