Ved inngangen til 2024 var det registrert 569 Merkur-butikkar. Dei aller fleste butikkane deltar i ei kjede. Du møter desse butikkane som Joker, Nærbutikken, Snarkjøp, Coop Prix, Coop Marked eller Matkroken.
FINN EIN MERKUR-BUTIKK:
Her får du oversikt over alle Merkur-butikkar, sortert på fylke og kommune
Nord-Norge har flest Merkur-butikkar. Men du finn også mange Merkur-butikkar i kommunar med spreidd busetnad i Sør- Norge, spesielt i Trøndelag, på Vestlandet og Sørlandet.
Talet på Merkur-butikkar har vore ganske stabilt det siste tiåret. Nokre av dei aller minste butikkane har blitt nedlagt. Men det har også blitt etablert heilt nye butikkar eller sett i gang ny drift etter at ein gammal butikk har blitt nedlagt.
Den einaste butikken
Merkur-butikkane er viktige for sine lokalsamfunn fordi dei er det einaste butikk-tilbodet i bygda. Dersom butikken blir nedlagt, må kundane reise langt for å få tak i daglegvarer og tenester som butikken tilbyr.
Avstanden til neste butikk er gjennomsnittleg 17 km. Ein fjerdedel av butikkane har over 20 km avstand til næraste alternative butikktilbod. 16 pst. av butikkane ligg slik til at kundane må ta båt eller ferje for å nå fram til nabo-butikken.
11 mill. kr i omsetning
Merkur-butikkane hadde i 2020 ei gjennomsnittleg omsetning på 11 mill. kr., inkludert moms. På same tid hadde hadde ein gjennomsnittleg norsk daglegvarebutikk, inkludert store lågprisbutikkar, ei omsetning på 54 mill. kr.
Merkur-butikkane har ein gjennomsnittleg marknad på 256 innbyggjarar og ein marknadsdel på 78 prosent. Mange små nærbutikkar har svært lojale kundar. Dette gjeld spesielt butikkar på øyar og butikkar med meir enn 20 km avstand til nærmaste alternative daglegvare-tilbod. Slike butikkar har ein marknadsdel på 94 prosent.
Butikkar som ligg relativt nær til eit kommunesenter med ein eller fleire store lågprisbutikkar, opplever tøff konkurranse og stor handelslekkasje.
Svak lønsemd
Mange av dei minste butikkane slit med dårleg lønsemd. Dei minste butikkane er heilt avhengig av ulike slags tilleggsinntekter for å kunne overleve.
Dei fleste Merkur-butikkar fekk ein kraftig vekst i omsetninga i pandemi-åra 2020-21, som følgje av ulike slags tiltak for å redusere smittetrykket. 2022 vart eit svært krevjande år for butikkar i Sør-Norge på grunn av ekstraordinært høge straumutgifter. 2023 har vore eit krevjande år for små butikkar over heile Norge fordi mange av kundane har fått dårlegare privatøkonomi og blitt meir opptatt av kvar dei kan få tak i rimelege daglegvarer.
Mange tenester
Merkur-butikkane tilbyr gjennomsnittleg 9-10 tilleggstenester, utover sal av daglegvarer. Det mest vanlege er post i butikk, tippe-tenester, kaffikrok/kafé, utlevering av apotekvarer, sal av drivstoff og heimlevering av varer.
Nokre butikkar tilbyr også kommunale tenester gjennom avtale med kommunen (serviceavtale).
6 av 10 Merkur-butikkar har ei kvinne som dagleg leiar. Gjennomsnittsalder for dagleg leiar er 50 år. Mange stader er det vanskeleg å rekruttere nye kjøpmenn, når det er behov for utskifting.
Kjelder
Analyse av Merkur-butikkenes omsetning 2020, Institutt for bransjeanalyser AS, august 2020
Bygdebutikkenes økonomi 2018, Institutt for bransjeanalyser AS, september 2020
Fakta og vurderinger rundt butikkene i Merkur-programmet, Institutt for bransjeanalyser AS, september 2014