Video

Merkur-programmet  ›  Om oss  ›  Video

Film

5 små dokumentarfilmar om nærbutikkar. Her kan du møte kjøpmenn, kundar og kommunar som er opptatt av samspelet mellom butikk og lokalsamfunn.

Den moderne nærbutikken

Korleis fungerer den moderne nærbutikken, som lokalt servicepunkt, møteplass og nav i lokalsamfunnet, med teknologi som gjer butikken tilgjengeleg for kundar også utanom vanleg opningstid? Det er tema for denne filmen. (2022)

Kommune og nærbutikk i samarbeid

Korleis kan kommune og nærbutikk samarbeide til beste for dei som bur på bygda? Kva rolle spelar nærbutikken for utviklinga av lokalsamfunn i Distrikts-Norge? Det er tema for denne filmen.(2022)

Midt-Norge

Joker Hongsand, Roan, Sør-Trøndelag

Bygdebutikken har blitt ein moderne landhandel som skaffar alt det som bygda treng. Denne butikken deltok i Merkur-prosjektet “Butikken som sosial arena”. (2014)

Sørvestlandet

Nærbutikken Nesflaten, Suldal, Rogaland

Butikken er heilt avgjerande for ei levande bygd, seier bygdefolket i Suldal som fekk butikken tilbake etter nedlegging. Butikken samarbeider med reiselivet og lokalmat-produsent. (2014)

Nord-Norge

Joker Sjursnes, Tromsø, Troms

Skulen og butikken er gjensidig avhengig av kvarandre. Utan desse to institusjonane blir det ikkje mykje liv igjen på bygda. Kjøpmannen legg vekt på aktivitetar som samlar bygda.(2014)