Dette kan du få støtte til
Investeringsstøtta skal gå til opprusting av eksisterande drivstoffanlegg. Du kan også søkje om støtte til etablering av nytt drivstoffanlegg i tilknyting til ein daglegvarebutikk. Anlegg som ligg på stadar der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, blir prioritert.
Her er eksempel på kva du kan søkje om støtte til:
- Stasjonære og mobile drivstoffanlegg
- Nye pumper eller chipautomatar
- Ladestasjon for elbil
Nokre investeringar kan bli vurdert som tiltak med lågare prioritet og vil difor få redusert sats.
Desse butikkane kan få støtte
Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den
- Drivstoffanlegget er avgjerande for å sikre lokalbefolkninga tilgang på drivstoff
- Salsvolumet er under 500 000 liter drivstoff pr år.
Anlegg som omset under 300 000 liter, blir prioriterte.
Anlegg som er eigde av oljeselskap, eller som i hovudsak forsyner eigne køyretøy, fartøy og landbruksmaskiner er ikkje omfatta av støtteordninga.