Servicestøtte

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Servicestøtte

Servicestøtte til nærbutikk

Nærbutikkar som deltek i Merkur-programmet kan søkje om servicestøtte. Støtta skal bidra til å oppretthalde dei aller minste butikkane og fungerer som ei betaling for den servicen som butikkane yter til innbyggjarar og verksemder i lokalsamfunnet.

Dette kan du få støtte til

Servicestøtta skal dekke utviklings- og driftskostnader som butikkane har for å fylle rolla som lokalt servicesenter. Støtta kan og dekke mindre investeringar som bidreg til å nå målet med ordninga.

Når du søkjer om servicestøtte i Regionalforvaltning, må du opplyse om kva tilleggstenester butikken tilbyr, utanom sal av daglegvarer, og planar for vidareføring eller utvikling av desse. Men du skal ikkje søkje om støtte til konkrete tiltak, slik som du må gjere når du søkjer om tilskot frå dei andre støtteordningane.

Desse butikkane kan få støtte

  • Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den
  • har ein avstand på minst 20 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på ein stad utan fast vegsamband, eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy
  • har omsetning for mindre enn 5 millionar kroner i året. Meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel skal ikkje reknast med
  • er open heile året og har ope minst 3 kvardagar per veke i lågsesong
  • har minst tre tilleggstenester i tillegg til sal av daglegvarer, til dømes post og bank i butikk, tipping, kaffikrok, turistanlegg, kommunalt servicekontor, sal av drivstoff, kafé/pub, mm.
  • Så mykje kan du få i støtte

Maksimalt støttebeløp er 150 000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift.

  • 75 % av støttebeløpet blir betalt ut ved tilsagn. 25 % blir betalt ut etter sluttrapportering.

Søknadsfrist og behandlingstid

Søknadsskjema for servicestøtte blir lagt ut i april kvart år. Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga. Det tek 6-8 veker å behandle søknaden din.

Butikkar som ikkje tidlegare har mottatt servicestøtte, må ta kontakt med sin Merkur-konsulent for å få ei tilråding om støtte.

Før 1. mai året etter tilskotsåret skal butikken levere ein sluttrapport ved å svare på spørsmål i utbetalingsanmodninga om korleis servicestøtta har bidrege til å vidareutvikle eller halde i gang butikken og tilleggstenestene. Du må leggje ved omsetningsrapport (varegruppe og nøkkeltal) frå butikkdatasystemet per 31. desember i tilskotsåret.

Er vilkåra for tilskot til butikken framleis oppfylte, kan butikken søkje om nytt, årleg tilskot når sluttrapport er levert.