Førebuing
Rapportering og oppmoding om utbetaling skjer via nettsida regionalforvaltning.no. Før du går dit, er det det lurt å samle alle dokumenta du treng i ei mappe på datamaskina. Dersom du har fakturaer, kvitteringar eller andre dokument på papir, må du scanne desse og legge dei i samme mappe. Gi dokumenta dine enkle filnavn som er lette å kjenne att, som til dømes “kvittering frys”, “attestert prosjektrekneskap” eller liknande
Ver ute i god tid
Frist for rapportering finn du på siste side i tilsagnsbrevet. 60 dagar før fristen går ut, får du ei påminning på e-post frå oss. Dersom du ser at du ikkje rekk fristen, kan du sende ein e-post til din sakshandsamar og be om utsetjing.
Desse dokumenta treng du
√ Tilsagnsbrev med søknadsnummer og opplysningar om utbetalingsfrist
√ Alle faktura og kvitteringar for utgifter i prosjektet
√ Prosjektrekneskap: ei oppstilling av nettokostnadar (fakturabeløp eks. mva)
√ Attestasjon (godkjenning) av rekneskap, gjeld både ved sluttutbetaling og delutbetaling. Det er ulike krav alt etter kor stort beløp du har fått tilsagn om
- Investeringstilskot 200 – 600.000.- kr: Prosjektrekneskap stadfesta av godkjent rekneskapsførar eller autorisert revisor. (For utbetaling av investeringsstøtte til drivstoffanlegg er det krav om stadfesting frå autorisert revisor)
- Tilskot 50 – 200.000.- kr: Prosjektregneskap stadfesta av rekneskapsførar
- Tilskot under 50.000.- kr: Prosjektrekneskap signert av dagleg leiar eller styreleiar.
Dersom du har fått utviklingsstøtte: Rapport om tiltak ved utviklingsstøtte signert av din Merkur-konsulent
Dersom du har organisert dugnad: Signert timeliste for dugnadsinnsats
Innsending av rapport og utbetalingsoppmoding
- Gå til regionalforvaltning.no og logg inn med samme brukarnamn og passord du brukte då du søkte om støtte.
- Klikk på fana [Tilsagn] på toppen av sida
- Finn tilsegnet ditt og klikk på [Utbetaling]
- Klikk på [Ny anmodning om utbetaling] og velg [Delutbetaling] eller [Sluttutbetaling]
- Fyll ut alle felt i skjema for utbetalingsanmodning
- Last opp alle vedlegg/dokument – pass på at alle kjem med
- Klikk på [Lagre og avslutt]
Du er no klar til å sende inn utbetalingsoppmoding
- Finn tilsegnet ditt [Utbetalingsanmodning] og klikk [Send inn]
- Huk av [Bekreft innsendelse av anmodning] i blått felt
- Klikk på [Send inn anmodning]
Du har no bedt om å få utbetalt støtta. I fana Prosjektutbetalingar vil du no få bekrefta innsending av skjema. Her vil det stå “Innsendt xx.xx.2020”.