Bagatellmessig støtte

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Slik får du utbetalt støtte  ›  Bagatellmessig støtte

Har du fått for mykje offentleg støtte?

Har du fått meir støtte enn det som er lovleg, må du må betale tilbake økonomisk støtte frå Merkur-programmet.

Alle som søkjer om investeringsstøtte frå Merkur-programmet, må svare på om dei har fått såkalla «bagatellmessig støtte» frå det offentlege. I søknad om støtte frå Merkur-programmet må du føre opp den bagatellmessige støtta.

Her kan du finne ut kor mykje du kan få i offentleg støtte før du kjem over grensa på 750 000 Euro, etter dagens kurs.

Støtte frå Merkur-programmet blir gitt i form av bagatellmessig støtte til tenester av allmenøkonomisk betydning, jamfør forskrift om unntak frå notifikasjonsplikt for offentleg støtte § 3. Distriktssenteret kan be om informasjon frå søkjar som er naudsynt for å avklare om støtta er i tråd med den indre marknaden.

Det er viktig å vere merksam på at verksemder i same konsern normalt blir rekna som ein støttemottakar etter reglane om bagatellstøtte. Grensa på 750 000 Euro gjeld pr. støttemottakar. Dersom butikken er organisert i fleire selskap med hovudeining og fleire undereiningar (t.d. eigedomsselskap, driftsselskap og drivstoffselskap), er det summen av desse tilskota som blir vurdert.

Mange typar støtte

Regelverket for «bagatellmessig støtte» omfattar både investeringsstøtte til butikk, servicestøtte eller investeringsstøtte til drivstoffanlegg. Men regelverket gjeld og fylkeskommunal støtte, kommunal støtte gjennom næringsfond og eventuelle andre former for økonomisk støtte frå det offentlege.

På toppen av dette kjem differensiert arbeidsgjevaravgift, for 28 kommunar i sone 1a. Dersom du bur i ein av desse kommunane, vil redusert arbeidsgjevaravgift bli rekna som ei form for offentleg støtte.

Dette gjeld kommunane Gausdal, Sigdal, Iveland, Vegårdshei, Sirdal, Hægebostad, Audnedal, Åseral, Vindafjord, Finnøy, Modalen, Kvam, Bømlo, Etne, Førde, Sogndal, Flora, Gjemnes, Eide, Aukra, Midsund, Haram, Herøy, Frosta, Leksvik, Midtre Gauldal, Rissa og Selbu.

Dersom du til dømes driv butikk i Finnøy kommune og har ein årleg lønnskostnad i butikken på 500 000 kroner, vil du ha spart 17 500 kr (3,5 pst. av 500 000 kr) i arbeidsgjevaravgift fordi denne kommunen har nedsett avgift i forhold til sentrumskommunar. I løpet av tre år har du dermed fått 52 500 kr i «bagatellmessig støtte», slik dette blir definert av styresmaktene.

Butikkens ansvar

Alle søkjarar har plikt til å opplyse om kor mykje offentlege tilskot dei har mottatt. Derfor får du spørsmål om “bagatellmessig støtte” når du søkjer om tilskot frå Merkur-programmet. Opplysningsplikta gjeld over ein treårsperiode, rullerande frå dato til dato.

Dersom butikken har fått utbetalt meir støtte enn det som regelverket tillét, kan Distriktssenteret krevje at ulovleg Merkur-tilskot blir betalt tilbake, med renter. Det skjer heldigvis ikkje så ofte. EØS-avtalen krev også at Distriktssenteret vidaresender alle opplysningar om støtte til EFTA sitt overvakingsorgan for EØS-avtalen (ESA), dersom ESA ber om slik informasjon.

Hva er «bagatellmessig støtte»?

Bagatellmessig støtte er støtte som er unntatt EØS-avtalens generelle forbud mot statsstøtte.

  • All økonomisk støtte fra det offentlige som ikke er notifisert (godkjent av EFTAs Overvåkingsorgan ESA), blir regnet som bagatellmessig støtte. Dette kan være støtte fra kommunen, kommunalt næringsfond, fylkeskommunen eller andre offentlige instanser.
  • Støtte fra Merkur er bagatellmessig støtte, med unntak av strømstøtte som er en notifisert støtteordning.
  • Differensiert arbeidsgiveravgift  blir regnet som bagatellmessig støtte, fordi redusert avgift i realiteten er en form for offentlig støtte.

Begrunnelsen for unntaket er at støttebeløp av beskjeden størrelse ikke er egnet til å vri konkurransen. Støtten vil heller ikke påvirke samhandelen i strid med EØS-avtalen. Bagatellmessig støtte kan derfor gis uten at den forhånds godkjennes av eller meldes til ESA (Eftas overvåkningsorgan).