Skatteregler

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Slik får du utbetalt støtte  ›  Skatteregler

Skattereglar for Merkur-støtte

Merkur-programmet sine forskjellige støtteordningar har ulike skattereglar. Investeringsstøtta er skattefri for butikkar i område med distrikts-utfordringar.

Norge er delt opp i ulike soner når det gjelder skattlegging. Dei delane av landet som har få innbyggjarar, låg tilgang på tenester og geografiske ulemper som følge av lange avstandar, blir definert som «distriktspolitisk verkeområde».

I dette området kan daglegvarebutikkar og andre bedrifter få skattefri distriktsstøtte frå Merkur-programmet, Innovasjon Norge og andre statlege verksemder, utan å komme i konflikt med EØS-avtalen.  Støtta vil heller ikkje redusere avskrivingsgrunnlaget.

Denne ordninga er ein viktig del av norsk distriktspolitikk.

Butikkar som ligg utanfor det distriktspolitiske verkeområdet må betale vanlig skatt.

 

Hva slags Merkur-støtte er skattepliktig?

Investeringsstøtte til nærbutikk

Støtta er skattefri for butikkar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Støtta vil heller ikkje redusere avskrivingsgrunnlaget.

Butikkar utanfor verkeområdet må føre støtte frå Merkur-programmet som skattepliktig inntekt.

Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Støtta er skattefri for butikkar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Støtta vil heller ikkje redusere avskrivingsgrunnlaget.

Butikkar/bensinstasjonar utanfor verkeområdet må føre støtte frå Merkur-programmet som skattepliktig inntekt.

Utviklingsstøtte til bokhandel

Støtta er skattepliktig

Servicestøtte til nærbutikk

Støtta er skattepliktig