Slik søker du støtte

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Slik søker du støtte
Slik søker du støtte
Alle søknadar til Merkur må sendast inn gjennom nettportalen Regionalforvaltning.no. Slik går du fram.
Søker du for første gong?

Alle søknader om støtte fra Merkur må sendast inn via portalen regionalforvaltning.no. For å sende inn søknad må du registrere ein brukarkonto. Her forklarar vi korleis du går fram:

1

Gå til regionalforvaltning.no og trykk på registrer organisasjon i venstre kolonne.

Legg inn alle opplysningar i skjema, og lag brukarnavn og passord. Etter at du har bekrefta alle opplysninger, blir brukarkontoen din oppretta og du blir vidareført til påloggingssida.

 

Sjå komplett brukarrettleiing hjå regionalforvaltning.no.

Dette bør du ha klart før du startar

Før du går i gang med å opprette og sende inn søknad, er det det lurt å samle alle dokumenta du treng i ei mappe på datamaskina. Dersom du har dokument på papir, må du skanne desse og legge dei i same mappe. Gi dokumenta dine enkle filnamn som er lette å kjenne att, som til dømes «Reiseutgifter», «Budsjett og finansieringsplan», «Pristilbod for prosjekt kaffikrok» eller liknande.

Dette må søknaden innehalde

Søknadsskjemaet på regionalforvaltning.no består av felt der du fyller inn nødvendig informasjon. I tillegg er det ein del informasjon som må lastast opp som vedlegg. Det er nokre små variasjonar som framgår av søknadsskjema til kvar enkelt støtteordning. Kvar søknad må minimum innehalde:

  • Organisasjonsnummer til undereininga som gjeld butikken (undereiningsnummer/underenhetsnummer/bedriftsnummer)
  • Namn på og kontaktinformasjon til søkjaren
  • Avstand til næraste innkjøpsalternativ
  • Årsomsetnad
    • Eks.mva, drivstoff, kraftfor og gjødsel
    • Salsvolum for drivstoff (gjeld støtte til drivstoffanlegg)
  • Prosjektskildring av kva du vil søkje om (prosjektbeskrivelse) ENDRING i 2024, sjå “Om prosjektet” og “Om servicetilbodet” lengre nede på sida.
  • Oversikt over tilleggstenester (gjeld ikkje støtte til drivstoffanlegg)
  • Kostnadsplan og finansieringsplan (gjeld ikkje servicestøtte)
  • Signert årsrekneskap for føregåande år
  • Oversikt over tidlegare støtte frå Merkur, kommunar eller andre offentlege instansar
Sjå døme på korleis dette kan sjå ut i søknadsskjema

 

Skjermbilete av side 2 i søknadsskjema.

Skjermbilete av side 3 i søknadsskjema

Skjermbilete av side 4 i søknadsskjema

Skjermbilete s 4 søknadsskjema for servicestøtte

Merk at kostnadsplan og finansieringsplan må ha lik sum.

Skjermbilete side 6 i søknadsskjema.

Skjermbilete side 7 i søknadsskjema

Skjermbilete side 8 i søknadsskjema

Spesielt for investeringsstøtte

  • Pristilbod frå leverandørar på investeringsobjekt over 50 000
  • Spesifisering av postar under 50 000 utan pristilbod (investeringsobjekt, leverandør, ca-pris ekskl. mva)

Spesielt for utviklingsstøtte

  • Spesifikasjon av utviklingstiltak med konkrete mål

Spesielt for servicestøtte

  • Varegruppe-/nøkkeltal-rapport
  • Spesifikasjon av servicefunksjonar og tilleggstenester med beskriving av planar for å vidareføre desse, og planar om etablering av nye servicefunksjonar.

Spesielt for støtte til drivstoffanlegg

  • Dokumentasjon salsvolum (liter) drivstoff
  • Dokumentasjon eigarskap
  • Signert årsrekneskap for fjoråret, samt avd. rekneskap for drivstoffsalet
  • Kopi av leveringsavtale
  • Marknadsundersøking (v/etablering av nytt anlegg)

Er søknaden fullstendig?

Pass godt på at alle felt er rett utfylt, at e-postadresse er rett stava og at alle vedlegg har kome med. Merkur-programmet kan berre behandle fullstendige søknadar, og det sparar deg som søkar for mykje venting og ekstraarbeid dersom du forsikrar deg om at søknaden er korrekt utfylt.

Har du fått svar på søknaden din?

Du må rekne 6 – 8 veker frå vi mottar fullstendig søknad til du frå svar.

Har du spørsmål som handler om utfylling av søknadsskjema?
Ta kontakt med Merkur-konsulenten din eller ein av saksbehandlarane
Anna Hamre
Anna Hamre
Seniorrådgjevar
Maria Lykina
Maria Lykina
Rådgiver / Vikar