Utviklingsstøtte

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Utviklingsstøtte

Utviklingsstøtte til nærbutikk

Nærbutikkar som deltek i Merkur-programmet, kan søkje om utviklingsstøtte. Støtta skal vere med på å byggje opp større kompetanse i butikken, legge til rette for tilleggstenester eller andre utviklingstiltak.

Dette kan du få støtte til

Utviklingsstøtta skal gå til utviklingstiltak som ikkje har karakter av fysiske investeringar. Her er eksempel på kva du kan søkje om støtte til:

  • Kurs og utdanning som gir kjøpmannen meir kunnskap om butikkdrift eller utvikling av tilleggstenester.
  • Utviklingsprosjekt som legg til rette for lønnsame tilleggstenester.
  • Arbeid for bygdemobilisering og meir lokal handel.
  • Kostnader knytt til planlegging av ny butikk.
  • Kartlegging av behov for nye tenester retta mot turistar eller hyttegjester.

Desse butikkane kan få støtte

Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den

  • har eit kundegrunnlag (nærmarknad) på under 200 hushald
  • har ein avstand på minst 20 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på ein stad utan fast vegsamband eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy
  • har mellom 4 og 8 millionar kroner i årsomsetning. Meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel skal ikkje reknast med

Butikkar med under 4 millionar kroner i årsomsetning, kan ikkje søkje om utviklingsstøtte. Desse butikkane kan i staden søkje om servicestøtte.

Så mykje kan du få i støtte

  • Maksimalt støttebeløp er 50.000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift.
  • Utviklingsstøtta kan dekkje 100 prosent av kostnadene, eksklusiv meirverdiavgift.
  • Søknaden må vere på minimum 25.000 kroner for å bli behandla.

Søknadsfrist og behandlingstid

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, og søknader kan sendast heile året. Prosjekta det blir søkt om støtte til kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. Det tek 6 – 8 veker å behandle søknaden din.